Plany styrkar servicen på merdkanten gjennom samarbeid med Mørenot

Mørenot vert autorisert servicepartnar for Plany i ein ny samarbeidsavtale. Avtalen gjer Plany i stand til å yte hurtig og god service på sine produkt ved Mørenot Aquaculture sine servicestasjonar.


Med stadig fleire og større leveransar til oppdrettsindustrien i Norge og internasjonalt, vedkjenn Plany behovet for eit meir omfattande servicenettverk.

 

– Kundane våre har til no fått tilbod om service ved våre eigne anlegg i Gursken. Vi ser at dette gjev ein avgrensa kapasitet, og lange fraktavstandar for ein del av våre kundar. Avtalen med Mørenot Aquaculture vil gje kundane eit kvalitetssikra servicetilbod når dei treng det, og der dei treng det. Vi aukar kapasitet og kompetanse, og vi får meir tilbakemeldingar om erfaringar ifrå brukarane, seier administrerande direktør Gunnar Larsen i Plany.

 

– Vi satsar tungt på å vere nær kundane, og på kunnskap om bransjen for å kunne utvikle dei mest lønnsame løysingane. Skal vi være best må vi vere på merdkanten og få tilbakemeldingane direkte ifrå brukarane, seier marknadssjef Kenneth Brandal i Plany.

 

Mørenot Aquaculture tek i dag service på luseskjold og avlusingspresenningar ved servicestasjonane sine. Sals- og marknadssjef i Mørenot Aquaculture, Vibeke Hanssen ser mange moglegheiter i samarbeidet med Plany.

 

– At vi no er autorisert servicepartnar for Plany gjev ein ekstra tryggleik for kundane. Samarbeidet vil gje oss viktige tilbakemeldingar som kan nyttast i utviklinga av nye produkt, avsluttar sals- og marknadssjef Vibeke Hanssen i Mørenot Aquaculture.

 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon:

 

Plany AS
Gunnar Larsen
Administrerande direktør

Telefon 901 05 694
E-post gunnar@plany.no

 

Mørenot Aquaculture
Vibeke Hanssen
Sals- og marknadssjef
Telefon 957 31 345
E-post
vibeke.hanssen@morenot.no